søndag 15. mai 2016

Stord Lufthavn

Det måtte koma, nye søknadar om støtte til flyplassen eller rett nok til eit av flyselskapa som trafikkerer flyplassen, Danish Air Transport AS.

Eg ser formannskapet går inn for at kommunen blar opp sin del, dvs. kr.  790 000,-. Når tid skal kommunen ta til vet? Dette er n’te gong kommunen må trø til å redda flyplassen/flyselskap ut frå eit økonomisk uføre. Kommunen har gjennom åra brukt ti-tals millionar på flyplassen. Støtta er blant anna gitt i form av lån og auka eigenkapital. Det er sannsynleg at alle pengane er tapt i det eg reknar med at flyplasselskapet og anlegget/flyplassen har minimal verdi. Så vidt eg er kjent med har kommunen rekneskapsmessig allereie realisert tap. Det er verd å merka seg at slike tap vert ført direkte mot kommunens balanse og kjem soleis ikkje fram som ein utgift i den kommunale rekneskapen.

Det kan ikkje vera ei kommunal oppgåve å eiga og driva flyplass og langt mindre å subsidiera flyselskap. I alle fall ikkje når kommunen er i ein utfordrande økonomisk stilling (jamfør budsjettrevisjonen som skal handsamast i neste kommunestyremøte).

Faktum er at trafikken i lange periodar ikkje er stor nok eller at prisane ikkje er høge nok . Det burde i alle fall vore sjølvsagt at brukarane av flyplassen er dei som skal betala gildet. Ikkje minst gjeld dette industrien som fleire hevda er avhengige av flyplassen og burde derfor vera interessert i å betala prisen for ein lokal flyplass.

Eg håpar at kommunestyret denne gongen seier nei til misbruk av kommunen sine ressursar som bør nyttast til finansiering av velferdstenester som er kommunen si hovudoppgåve. Resultatet kan då verta at flyplassen vert nedlagt for godt. Trøsta er at me har tre internasjonale flyplassar som alle ligg innanfor ei reisetid på 2-3 timar i tillegg til at kommunen årleg vil spare store beløp.

Kristoffer Valland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar