onsdag 24. oktober 2012

Steffen Kjærgaard

Eg er naturlegvis enige i at doping er forkasteleg og at Kjærgaard gjord eit fatalt feil val då han inntok dop for å auka sine prestasjonar på sykkelen.

Eg reagerer likevel på måten hans arbeidsgjevar håndtera saka. Dei har som alle andre eit arbeidsgjevaransvar ikkje kan sjå er ivareteke. Han har etter det eg har forstått utført jobben sin som sportssjef i Sykkelforbundet på ein god og tilfredsstillande måte. I hans tid som sportssjef har landslagssykkelistane oppnådd gode resultat. Forbundet har sjølsagt rett til å gje uttrykk for svik og skuffelse, men dei burde også gje Kjærgaard kredit for den jobben han har gjort i mange år. Det er unødvendig av forbundet å skyva Kjærgaard lengst mogleg ut i mørket, han har trass alt gjort ein god jobb i tillegg til at han er eit menneske med familie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar